DET STILLE LANDSKAPET

 

Landskapet

Landskapet kring Hovden er vidt og langstrakt - «desse flottene….». Eit naturlandskap som er tett knytt opp til bruken av det, folka i Fjellgardane levde av naturen. Og grensa til kulturlandskap kan vera vanskeleg å trekkje. Slåttemyrar, drifteleger, kolgroper og jarnvinneanlegg, bogestille og gjetarhytter. I utmarka finn ein spor etter tidlegare bruk så og sei over alt.
 
I dag er landskapet prega av utbygging av hytter, løyper og stiar. Og kjem ein berre litt lenger inn i fjellet så er dei store inngrepa frå vasskraftutbygginga enorme. Men kva meir inneheld dette landskapet? I tillegg til dei naturgeografiske ressursane, så har me særmerkte stadnamn, me har ulike kulturminne knytt til både fangst, tamrein, lege- og gruvedrift. Og jarnutvinning frå tidleg mellomalder. Her ligg det så mykje historie, og så mange løynde skattar som ein kan vise fram.
 

 

Miljø

Kva utfordringar vil miljø og klimaproblematikken gje oss lokalt? Det er vanskeleg å svare på, men noko ser ein også effekten av i dag. Det gjeld attgroing av kulturlandskap, redusering av det biologiske mangfaldet som ein effekt av mindre beiting og slått, fysisk tap av natur pga. store inngrep til vasskraft og utbygging. Og kva med reinen og anna dyre- og fugleliv dersom temperaturen aukar? Dersom stormane vert oftare, nedbøren større, sommarane varmare og våtare? Og kva kan me gjera lokalt med dette?
 
Her er det mange konkrete aktivitetar, m.a. observasjonar og målingar, som kan vera aktuelt å gjera i eit opplegg.
 
Me ynskjer å setje fokus på utfordringane, men ser som det viktigaste å vera med å gje håp og mot til å gjera noko. Og ei tru på at det å lære om samanhengar, både økologiske krinslaup og bruk, gjev mykje kunnskap som vil verte viktig i framtida og dei vala me gjer.