FJELLGARDS KVINNENE

 

.

Fjellgardskvinnene – kven var dei?

Nokon var lukkelege trass harde liv.

 Nokon var botnlause einsame.

 Nokon levde til dei var hundre år.

 Nokon døydde i barsel.

 

 Nokon mista sine kjære alt for tidleg. Born, kjæraste, sysken, ektefelle.

 Nokon fekk store slekter etter seg.

 Nokon vaks opp hjå andre enn sine eigne foreldre.

 Nokon tok på seg å ta seg av familien.

 

 Nokon var fødd her.

Nokon kom langvegsfrå.

 Dei fleste måtte ta vanskelege val.

Dei fleste ba om styrke.

 

Stillheten kring deg.

 ”Du høyrer meir der stillheten er større”.

 For nokon var stillheten for stor.

 For andre vart den trøysta.

 

Ingen stad å gøyme seg i det opne landskapet.

Ein fekk styrke til å stå i det.

 Vissheten om at noko er større enn ein sjølv.

 Vissheten om at du er en del av noko større enn deg sjølv.

 

 Det gav meining.

 Det gjev meining.

 

  Veglaust. Vèrhardt. Einsamt.

 

 Kva sat dei att med?

 Kva gav dei vidare?

 

 Kunnskap. Samhald. Solidaritet. Individualisme. Gjestfrihet. Raushet. Fridom

 

Vinden bles over flottene – himmelen er høg.

Du står godt som det er – men me er sterkare saman.

 Du kan kjenne både sola si omfamning og vinden sin bøygde tak.

 Du står sterk oppreist i landskapet.

.
.

Eit vindauga til identitet

Kva er Fjellgardane? Dei øvste gardane i Bykle; Bjåen, Breive, Hovden, Ørnefjell, Geiskelie. Det var bedarkrinsen ned til Berdalsbru. Skulekrinsen var Bjåen, Hovden og Breive. I det som no er Hovden sentrum, Hovdebru, var det lite før Hovdehytta opna der i 1916.

 

I dag er det Hovden ein av Sør-Noregs største turiststader, særleg om vinteren. Kommunen har i underkant av 950 fastbuande og 2500 hytter og fritidsbustader. I feriane er folketalet mangedobla.

 

Kor synleg er kulturen, historien i Fjellgardane? Me har eit kulturelt landskap og ein særeigen natur i lokalområdet vårt. Men med reiseliv, turisme, løypenett og krav om utvikling forsvinn dette fort. Mange av kvalitetane, som også er grunnlaget for den «stillferdige kulturen», vert fort usynlege. Fjellgardane, med si historie, sin kultur og dei menneska som har levd her før, har vore tett samanknytt med naturen. Det vert difor vanskeleg å tale om «natur» utan å ta med «kultur», og omvendt. Og kor finn ein alle forteljingane? Kven kan fortelje dei i dag?