Fjellreinskulen

Fjellreinskulen er å formidle kunnskap og opplevingar om lokal natur, kultur og historie, og på den måten vera med på å skape bulyst, byggje opp kjensle av identitet, styrke den lokale forankringa og vise stadeigenheit, «the sense of place».

NÅ ER FAGBOKA HER:

Der reinen går er jorda freda

Reinen har gjennom tidene har vore så viktig for menneska at han i seg sjølv fredar og beskyttar jorda han går på. Sidan han treng store areal for å overleve, vil òg mange andre artar få sikra sine livsområde ved at me tek vare på villreinen. Me seier difor at villreinen er ein paraplyart. Fleire av villreinområda er også verna for å ta vare på til reinen.

I dag finn me villrein i fjella frå Forelhogna, Rondane og Dovre i nord og sør til Setesdalsheiane.

  

(Sjå nettbutikk - fagbøker

Kvifor velje denne boka

Det er skrive mykje litteratur om rein og villreinfjell. Det er mykje forskning som har vorte gjort, det er mange artiklar som er publisert. Og det er lokalt mykje kunnskap og kompetanse om fjell og rein i fjellbygdane og i ulike fagmiljø.

Men på same tid har fjellbygdane kring dei store fjellområda vorte meir og meir «turistifiserte», hyttebygginga har eksplodert, løypenett og ferdsel aukar, i tillegg til dei store inngrepa som har vorte gjort med vasskraftutbygging og andre installasjonar frå «storsamfunnet». Og nokre stader er reinen borte, andre stader er det framleis ein levande fjell-kultur. Ei sams utfordring for mange stader er truleg at den tradisjonelle måten å nytte fjellet på er borte, og det er press frå mange kantar på naturen vår.

Sams for mange av desse stadene er at den nære tilknytninga til fjellet vert fjernare og historiane byrjar å gå i gløymeboka. Og mykje kunnskap. Kven skal etterkvart fortelje dei? Og kven skal føre kunnskapen vidare?

Og for at dei skal verte endå betre rusta til å ta gode avgjerdsler som framtidige grunneigarar, lokalpolitikarar, lærarar, planleggjarar, forskarar, entreprenørar, guidar osv. - så meiner me at det er viktig med ei heilskapleg fortståing av fjellet. Kor viktig fjellet er i kulturen og historien vår. Det var viktig både med kunnskap og forståing for å kunne klare seg i veglause fjellbygder. Det ligg ein lang historie med ressursutnytting i små, men berekraftige samfunn i dei fleste fjellbygder i dag. Ein historie som ofte vert gløymd i dagens moderne, sentraliserte og digitaliserte samfunn.

Me ynskjer å synleggjera denne historien som ein viktig del av samfunnet i dag. Og ikkje minst for framtida og utfordringane me står ovanfor, både lokalt, nasjonalt og globalt. Me meiner at innsikt og kunnskap vil også gje respekt for det me har, og at ein også dermed kan sjå landskapet rundt seg med eit anna auga. Kanskje vil eit slikt blikk også kunne sjå andre mogleghetar i verdiskaping og bruk av naturen, mogleghetar som er meir berekraftige enn dei me i dag ser er gjennomgåande.

Me meiner at det er viktig å sjå samanhengar, mellom korleis menneska tidlegare har vore avhengig av naturen, til korleis me i dag forbrukar den. Og at me må byrje i oss sjølve, me må «hente oss sjølv heim», før me kan gå ut og endre ting. Difor meiner me at den lokale historien til ein stad er viktig. Og ikkje minst er det spanande, ein kan både få ei større forståing og verte meir nyfiken. Og dermed få større respekt for naturen og landskapet me har kring oss.

Fagleg innhald:

Boka tar utgangspunkt i fjellets åtte årstider. Her kjem me inn på reinen gjennom året, men også sjå på fjellet som eit økosystem og økologiske samanhengar og tilpasningar. Kvart kapittel har forklaring på vanskelege ord, og det er også «visste du at» er tema og faktadelar som ein går djupare inn på.

I tillegg så ynskjer me å få fram historien til reinen som kulturberar. Kor viktig reinen har vore for menneska i årtusen, korleis menneska fylgde etter reinen innover iskanten, og kva reinen gav dei av varme, skinn, mat og reiskap. Og seinare, med tamrein - også mjølk og ein nomadisk livsstil i fylgje med reinen. Her er det naturleg å koma inn på samisk kultur og språk. Dette er ein viktig del av vår felles kulturarv, og det vert også lagt stor vekt på desse tema i dei nye overoodna læreplanane. I tillegg har me i Setesdalsheiane og mange av dei andre fjellbygdene ein historie med tamreindrift. Det er ein nær tilknytninga til samar og ein samisk kompetanse og kultur, og fjellbygdkulturen kjenner ofte eit fellesskap med det samiske.

Me ynskjer å ta fram historien og spora me har etter veiding og fangst, til ein periode med tamreindrift og no i dag villreinjakt, nasjonale villreinområde og verneområde. Tenk, kva kulturskatt området vårt husar! Og kva ansvar me har for å forvalte det vidare.

Me ynskjer å fokusere på samanhengar, mellom artar, men også mellom kultur og natur. Me ser også spor etter menneska i landskapet - historiane som gøymer seg i stadnamn og segn knytt til stader i fjellet. Kven var det som budde og levde her? Me meiner at slike historiar gjer at ein ser naturen og landskapet rundt seg med eit nytt blikk. Og at det vil vera med på å styrke identitetskjensla og respekt for naturen kring oss. Og at me som bur her og veks opp her kan vera stolte av staden vår, av landskapet vårt. Og dermed vera betre i stand til å ta vare på det i framtida.

Og framtida, kva utfordringar har reinen og fjellet i åra framover? Kva vil dei venta klimaendringane kunne ha og sei for reinen? I høve beite, parasittar og sjukdomar. Men også arealmessig. Den storstilte utbygginga av fjellheimen og randområda, fragmentering av område og ferdsel. Korleis kan me ta vare på reinen oppi dette? Kva kan me gjera? Og kva vert gjort i dag?

Kompetanse- og læreplanmål

  • Me har teke utgangspunkt i dei nye læreplanmåla i Fagfornyinga, som skal takast i bruk i skuleåret 2020/21.
  • Hovudmålgruppa er 5.-7.trinn, men ut frå læreplanmåla meiner me også at boka kan brukast i ungdomskulen.
  • Me meiner at boka kan stø oppunder mange av dei overordna måla. Me meiner ho også kan takast i bruk for å stette dei tverrfaglege læreplanmåla og kompetansemåla for fleire fag, spesielt naturfag.