HISTORIE

 

Villreinområda i Setesdalsheiane har ei lang historie med tamreindrift, heilt fram til 1979. Det var samar som kom med dyr på 1800-talet, og etterkvart overtok dei lokale grunneigarne og bygdefolk. Det er viktig å peke på den kunnskapen som tamreindrifta gav, mykje takka vere samar som både kom med eigne dyr og som heile tida var sentrale i gjeting og drift av tamreinlaga.
.
Det var ei utveksling av kultur og kunnskap mellom samar og fjellgardingar i fleire generasjonar. Det gjer at mange av fjellgardingane kjenner seg mykje att i det samiske og den samiske kulturarven, og fleire familiar har samiske forfedrar. I Fjellgardane er difor både nært og naturleg å formidle noko av den samiske historien og kulturen. Og ikkje minst er det aktuelt i dag, både med tanke på oppretting av «Sannhetskommisjonen», dekolonialiseringa og den stoltheten som ein no ser unge samiske røyster viser over kulturen sin. Og endeleg er kunnskap om samisk kulturarv teke inn i den overordna læreplanen som ein del av vår felles kulturarv.