Ragnhild Bjåen

*

Ragnhild si historie:

 

Dei fleste har vel stilt seg dei store spørsmåla Kven er eg? Kva ligg bak meg? Kva er eg ein del av? Og kva ber me med oss, av vår eigen kultur og historie, og kva gjev historien til staden oss?

Forskar Asta Balto frå Karasjok seier:

«Alt me har arva frå våre forfedre er skattar i skattekista. Kva har du i di skattekiste? Finn me skattane? Er dei fortengte, bortgøymde, eller skin dei i glanse av kjærleik? Er dei pynt, folklore, eller naudysynte for vår eksistens»

Nokre av desse skattane i Fjellgardane har eg lyst til å trekkje fram.

Tamreinsamlaget var viktig for oss på Bjåen. Byklehei Tamreinsamlag vart lagt ned i 1979, etter bortimot 100 år med samanhengande drift i ulike selskap. Og tamreinflokken vart grunnlaget for det som no er Europas sørlegaste villreinstamme.

I 1979 var eg 7 år. Stor nok til å skjøne ein del. Stor nok til å hugse andlet, namn, hendingar, glimt av samtaler.

Gjetaren Sòmbi hugsar eg best, som gav gome hunden Geiris, det tyder kvit flekk- den snillaste hunden i verda. «Kan`kje du ha min hund?», spurde han då tamreindrifta var avvikla, og han skulle reise nordover.

Slakting, merking, beite. Løyse bukkar frå gjerdet, store horn, eg ville lære samisk, lånte ordbok på biblioteket. «Borra beivis» og «gittu». Det berre var her med oss, rundt oss.

Ein del av kvardagen, av livet vårt. 150 år med tamreindrift, med gjeting og arbeid i hop med samar og bygdefolk, utveklsing av kunnskap, tilegning av kunnskap. Fjellgardingane var både luteigarar i aksjeselskapa, dei hadde eigne merke, og la ned mykje av arbeidet og tida si med tamreinen i fleire generasjonar. Dei stod til og med i fare for å miste både gard og grunn i 1928, då det var rettsak. Og det var store verdiar, flokken vaks og vart over 4000 dyr.

Så, i 1979 var det slutt. Det var dramatisk, mykje snakk. Ei spesiell stemning. Og Torjus Breive, leiaren i tamreinsamlaget som bruka all si tid på det. Prosessen er innvikla å nyste opp i - her var mange faktorar som spela inn. Men økonomisk - og også kulturelt- kan ein vel sjå det som eit tjuveri og eit kraftig overtramp frå staten.

Kommunen vart ei vikitg næring mindre. Og kulturmangfaldet vart fattigare. Og reinen vart villrein.

Det har prega meg, det har oppteke og interessert meg heile livet, til og med tok eg tamreindrift som fag på Ås.

Stort inntrykk gjorde det då eg og papa fekk vera med Bjørnar Mørenskog til Karasjok for 10 år sidan. Dei visste kor Bjåen og Breive var. Dei gamle samane og papa prata «det same språket».

Korleis? Og kvifor?

Fjellet. Heiane. Vèr. Vind. Vatn. Fjellgardingane har naturen tett på. Opplevinga av tida er kan hende annleis også - «Tida stoppar på Lislefjødd», var det ein her i huset som sa, fyrste gongen han kom hit.

Og kunnskapen. Den stille kunnskapen. Det som ligg i dei - måten dei gjeng på - måten dei bevegar seg i landskapet - dei eldre fjellgardingane. Det berre er der. Det er i dei. Dei er ein del av kunnskapen.

Haldningar til rein, dyr, naturen kring oss. Kunnskapen om dyr og fjell, vèr og vind. Det er ikkje alt som treng å seiast. Heller er det ikkje alt som kan lærast. Det må gjerast og opplevast. Vekse inn i ein. Det er vår tradisjonelle utdanning.

Me, den yngre generasjonen skjønar noko av det - har kanskje fått litt av det - kanskje ligg det litt i oss og. Men levemåten er no endra.

Og framtida?

Tamreinhistorien er ein stor del av Bykle kommune si historie. Det er fint at det vert dokumentert, vert trekt fram, vert fortalt vidare. I dag er det verneområde og villrein, då vert det rart å ikkje vita noko om bakgrunnen. Det er ein del av heimstaden vår sin historie.

Og kva er vel staden utan?

Georg Buljo og Marja Helena Mortenson har laga ei nydeleg melodi / joik med tekst som:

Mi bestemor blåser vinden over myrene. Mi bestemor blåser vinden over fjellene. Jeg blåser med ho. Jeg reiser med ho.

Mi bestemor danser over myrene. Mi bestemor danser over fjellene. Jeg danser med ho. Jeg reiser med ho.

Dei som har gått her før oss har lagt att spor til oss. Små skattar, berre me ser oss godt ikring. Skattar som fortel om levde liv og gjengne vegar, om strev og bruk av ressursar. Spor etter menneske som har blåsi og dansa over myrane og fjella. Men ein må gjerne vita litt om det for å finne og sjå dei.

 

 

Reinsflokken

 

Nokre år etter at tamrein vart villrein kom reinen ned på dei nydyrka markene våre.

Yre av grønt gras og vårleg næring beita dei i dagesvis.

Eg kom ned med hesten min får fjellet.

Eg var 14 år.

Eg stoppa opp, gjekk av, heldt hesten i taumen.

Såg på flokken nedanfor oss.

Gjekk litt nærmare.

Stod og venta.

Så sprang dei.

Tusen dyr, tusen hovud.

Gevir, øyro, mular.

Føter og klauver.

Dei kom i mot oss, meg og hesten.

Me stod stille, hesten prusta.

Men roleg.

Me var midt inne i flokken.

Som ei elv som renn kom dei mot oss, rundt oss.

Som ei elv som renn kring ein stein dela dei seg før dei tok i samen att.

Me i midten, hesten og eg.

Roleg stille.

Alt var stille.

Motstraums i ei elv av tusen dyr.

Kunne ha strekt ut ei hand og teke i dei, stroke den tykke pelsen.

Som bylgjene ein ikkje får tak på.

Som ei levande elv sprang flokken.