Reinen, den viktigaste kulturberaren

Før istida var reinen utbreidd over store delar Europa. Reinen var det viktigaste næringsgrunnlaget til menneske i Europa frå mange tusen år att- ende i tid. I grotter i Sør-Frankrike finn ein måleri som er 30000 år gamle. Isen var då på det største og dekte Nord-Europa. Reinen heldt til på sørsida av isen. Her har menneska måla det dei var opptatt av, mellom anna reinsdyr. I lange periodar var reinen det absolutt viktigaste dyret, over 90% av føda kom frå reinen. I tillegg gav reinen emne til reiskap og klede. Så viktig var dette dyret, at truleg ville det ikkje budd folk i Europa dersom det ikkje hadde vore reinsdyr der. Forskarar meiner at i naturen er reinen den viktigaste kulturberaren me har hatt, i vår del av verda.
Vil du vite mer? Nå er boka her: