Visjonen vår

Fjellreinskulen legg vekt på fagleg innsikt og integritet, kunstarisk uttrykk og ei heilskapleg formidling.

 


 
Det er viktig for oss at det er god fagleg kunnskap som ligg i botn, saman med kunnskap om lokal kultur og historie.
 
Me ser at på ein stad som Hovden, der det er få fastbuande, av dei er mange tilflytta og det er ganske stor utskifting av folk, vert den lokale kulturen og historien fort gøymt og tildels gløymt. Det kan også vera vanskeleg for t.d. lærarar å tilegne seg slik kunnskap over kort tid dersom dei ikkje er herifrå, og dermed kan det også vera vanskeleg å leggje vekt på lokale tilhøve i undervisning. Nettopp av di at det kan vera vanskeleg å finne dei gode døma.
 
Med å nytte kunst og forteljingar saman med naturfagleg og lokal kunnskap, ynskjer me å lage opplegg som er tilpassa ulike alderstrinn og ulike grupper.
 
Me ynskjer fyrst og fremst å rette formidlingsopplegga mot born og unge, mot skulane, men også mot innbyggjarar og besøkande i kommunen
 
Og me ynskjer altså å tilføre noko anna, noko i tillegg, til det faglege. Me ynskjer å appellere til fleire sansar, ikkje berre den «informative». Me ynskjer at me kan vera med på gje ei heilskapleg formidling som kan vera eit suplement til den tradisjonelle undervisninga og informasjon. Me ynskjer å vise til gode forteljingar og særeigenhetar med naturen her lokalt som kan nyttast i undervisning vidare.
 
Dei nye lærplanmåla vil liggje til grunn for opplegg me lagar til skulen. Ein kan vise til dei nye overordna læreplanmåla for grunnskulen. Her vert det lagt vekt på identitet, historie, kulturell innsikt og forankring, samt at den samiske kulturarven er ein del av vår felles kulturarv i Noreg. Me meiner at Fjellreinskulen kan vera eit viktig tilskot til formidlinga av dette.
 
 
Læreplanverket. Overordnet del - verdier og prinsipper for grunnopplæringen:
1.2 Identitet og kulturelt mangfold
«Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig fellesskap.
Innsikt i vår historie og kultur er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. Elevene skal lære å kjenne de verdiene og tradisjonene som bidrar til å samle menneskene i landet. Kristen og humanistisk arv og tradisjon er en viktig del av landets samlede kulturarv og har spilt en sentral rolle for utvikling av vårt demokrati. Den samiske kulturarven er en del av kulturarven i Norge. Vår felles kulturarv har utviklet seg gjennom historien og skal forvaltes av nålevende og kommende generasjoner.»
Ref.: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/identitet-og-kulturelt-mangfold/
 
Formidlingsopplegga vil me også utvikle i tett samarbeid med Villreinsenteret Sør, Skinnarbu, og Setesdal Vesthei Ryfylke Verneområde. 
 
Me trur også at dette er tema som er aktuelle for fleire andre stader. Me ynskjer å utvikle opplegg og formidlingsverktøy som kan brukast i ein større samanheng, og som også kan overførast til andre fjellkommunar / villreinområde med tilsvarande utfordringar. Eit mål er at i kvart nasjonalt villreinområde skal det høyre til ein «Fjellreinskule». Og me ynskjer å vera leverandør til nasjonale villreinområdestyre av formidlingstenester.
 
Det er særs viktig for oss at prosjektet er bærekraftig, både økonomisk, fagleg og «sosialt». Me ynskjer å utvikle Fjellreinskulen på ein slik måte at det er levedyktig i framtida, ikkje berre i ein prosjektperiode. Fjellreinskulen må kunne vidareutviklast og vera «levande», ikkje eit statisk «eingongsopplegg».